uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

Lær deg å elske Stad skipstunnel: Den store kakekavalkaden - 40 år på 40 minutt

Tirsdag 11. aug 17:00-17:45 · Havnegaten 4 · Styringsgruppa for Stad Skipstunnel, Region Fjordane

Om arrangementet

Etter 40 år med utgreiingar, vedtak, omkampar, jubel, skuffelsar og utallege kaker inviterer vi til den store kakekavalkaden. På 40 minutt tek vi deg gjennom historia om eit av Noregs mest omtalte infrastrukturprosjekt – med glimt i auget, historier frå kulissane og menneska som nekta å gi opp. Kva no? Frå politisk kamp til gjennomføring No startar den mest spennande fasen. Korleis skal verdas første skipstunnel byggjast? Kva moglegheiter opnar prosjektet for norsk kompetanse, næringsliv og kysten? Og kva blir dei viktigaste politiske prioriteringane framover? AF Gruppen ved prosjektleder Erik Frogner deler korleis dei skal realisere eit prosjekt og unik norsk kompetanse som blir utvikla gjennom bygginga. Kystverket ved kommunikasjonsdirektør Anette B. Wollebæk fortel om overgangen frå planlegging til gjennomføring og korleis dei førebur seg på byggestart. Til slutt møtest Geir Inge Lien og Tuva Moflag til ein samtale om vegen vidare. Dei representerer ulike politiske ståstader, men begge har vore sentrale i arbeidet med å få prosjektet over målstreken. Kva har dei lært av prosessen? Kva meiner dei blir viktigast når skipstunnelen no skal bli røyndom? Og kva håpar dei prosjektet skal bety for norsk samferdsel og kysten i tiåra som kjem?

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Rolf Sanne-Gundersen · Stad kommune
  • Judith Kvåle · AF Gruppen
  • Erik Frogner · Kystverket
  • Anette B. Wollebæk · Arbeiderpartiet
  • Tuva Moflag · Senterpartiet
  • Geir Inge Lien

Temaer

Næring og økonomiStedsutvikling og samferdsel

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.