Arrangement · Arendalsuka 2026
Pengar i Palestina: Er bitcoin mogleg som alternativ valuta i Gaza og på Vestbreidda?
Mandag 10. aug 15:00-16:00 · SpareBank 1 Sør-Norge · BITCOINPOLITISK INSTITUTT NORGE
Om arrangementet
Korleis er pengestellet i Palestina? Og kan bitcoin spela ei monetær rolle i Gaza og på Vestbreidda framover?
Osloprosessen førte blant anna med seg den såkalte Parisprotokollen, som gjer klart at israelske shekel er tvunge betalingsmiddel i dei palestinske områda. I praksis er både amerikanske dollar og jordanske dinarar også i bruk - men korleis? Og er bitcoin rett og slett lov i Palestina - eller meir presist: verken forbode eller godkjent?
Bitcoinpolitisk institutt Noreg inviterer til ein sakleg og roleg samtale om bitcoin som mogleg monetært alternativ. Før 1967 var det egyptiske pund som galdt i Gaza medan jordanske dinarar naturleg nok rådde grunnen på Vestbreidda. Så: fyrst israelske lire, så israelske shekel (fyrst gamle, så nye); pengar som i form av setel og mynt i liten grad speglar eller reflekterer arabiske figurar og hendingar reint symbolsk.
På papiret er bitcoin derimot nøytrale pengar: berre nummer, siffer, tal - rett nok arabiske ... Og bitcoin er veleigna for grensekryssande overføringar "bortanfor" bankar og meir eller mindre korrupte institusjonar.
Spørsmålet med stor S er uansett om bitcoin representerer eit monetært "verdiforslag" i denne delen av Midt-Austen, som også er totalt avhengig av bistand i form av store pengeoverføringar frå utlandet.
Dette skal folkeretteksperten Cecilie Hellestveit og leiaren for Palestinakomiteen i Noreg, Rami Samandar, tenkja høgt om i samtale med Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg.
Status hos uke33
Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.
Deltakere
- Morten Søberg · Bitcoinpolitisk institutt Noreg
- Cecilie Hellestveit · NTNU
- Rami Samandar · Palestinakomiteen i Noreg
- Gunnar Garfors · https://www.garfors.com/
Temaer
InternasjonaltNæring og økonomi
Originalkilde
uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.