Arrangement · Arendalsuka 2026
Er rask sysselsetting god integreringspolitikk?
Tirsdag 11. aug 14:30-15:30 · Ankerplassen Pub & Selskapslokaler · Høgskulen på Vestlandet
Om arrangementet
Gir dagens - og den foreslåtte - integreringspolitikken migrantar reelle moglegheiter til fast jobb og anstendig løn, eller er han med på å låse dei fast i midlertidige og lågtlønte stillingar?
Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, som har følgt migrantkvinner i kvalifiseringstiltak over tid, er uroa for at sterk vekt på rask overgang til arbeid, kombinert med redusert integreringsstønad, gjer det vanskeleg for migrantar å ta utdanning og få dei formelle kvalifikasjonane den norske arbeidsmarknaden etterspør. Når tida til kvalifisering er for knapp, blir mange pressa inn i dei mest usikre og dårlegast betalte jobbane. Det kan forsterke sosial ulikskap, gjer sosial mobilitet vanskelegare og auke risikoen for langvarig avhengigheit av sosiale stønader og trygdeytelsar.
Er dette velferdsstaten Noreg ønskjer? Eit system og ein politikk som bidreg til ein etnisk delt arbeidsmarknad, der migrantar ikkje får brukt kompetansen sin og må ta til takke med usikre deltidsjobbar med låg lønn? Spørsmålet er difor ikkje berre kor raskt ein kjem i arbeid, men kva slags arbeid ein får tilgang til – og på kva vilkår. Kva slags integreringspolitikk legg best til rette for langsiktig deltaking, økonomisk sjølvstende og sosial mobilitet?
Status hos uke33
Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.
Deltakere
- Astrid Ouahyb Sundsbø · Høgskulen på Vestlandet
- Guro Aasen · Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Edvin Søvik · Sarpsborg kommune
- Turid Stubø Johnsen · NAV Vestland
- Bjarte Hysing-Olsen · Fargespill
- Irene Kinunda Afriyie
Temaer
Arbeidsliv
Originalkilde
uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.