uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

Kraftforlik - er det noko vi kan einast om?

Onsdag 12. aug 15:00-16:30 · Fornybarteltet · Region Fjordane, Invest in Fjordane, Sogn og Fjordane Energi, Tafjord Kraft, Linja

Om arrangementet

Kraftdebatten i Noreg blir stadig meir polarisert. Vindkraft møter motstand. Nettutbygging stoppar opp. Industri ventar på straum. Samtidig aukar presset på naturen. Men midt i alle konfliktane finst det kanskje eit viktigare spørsmål: Kva er vi faktisk einige om? Kan vi samle oss om at: -kraft må gi grunnlag for verdiskaping i heile landet? -område som produserer mykje kraft må få tilgang på kraft? -energieffektivisering og oppgradering av eksisterande vasskraft må prioriterast? -straumnettet er blitt ein flaskehals for både næringsliv og det grøne skiftet? -lokal aksept må vere avgjerande for framtidig kraftutbygging? Denne samtalen handlar ikkje om å vinne kraftdebatten. Den handlar om å finne ut om vi framleis har eit felles utgangspunkt for norsk energipolitikk. Samtale med Torbjørn Vereide om regjeringas "Kraftpakke" (medlem av Energi og miljøkomiteen, AP) Fagleg innelgg "Kva gjer Statnett for at regionen skal få tilgang på straumen vi treng?" - Anne Sofie Risnes, Statnett "Kva kan Kraftfylke løre Noreg om framtidas kraftpolitikk" Olav Hallset, Kraftfylke Case frå Fjordane Den urimelege innmatingstariffen - Eirk Espeset Sogn og Fjordane Energi arbeider for at vi skal lukkast- Knut Arild Flatjord Kraftrapporten frå Fjordane, Ørjan Stubhaug Debatt: Treng vi eit kraftforlik? Ordstyrar - Elisabeth Hatlenes Olav Hallset, Kraftfylka Knut Arild Flatfjord, Sogn og Fjordane Energi Erik Espeset, Tafjord Kraft og styreleder i Linja Ørjan Stubhaug, Invest in Fjordane

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Elisabeth Hatlenes · Region Fjordane
  • Torbjørn Vereide · AP
  • Anne Sofie Risnes · Statnett
  • Olav Hallset · Kraftfylka
  • Erik Espeset · Tafjord Kraft
  • Knut Arild Flatjord · SFE
  • Ørjan Stubhaug · Invest in Fjordane

Temaer

Energi og industri

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.