uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

Merkevara Sogn – korleis ein region dreg lasset i lag

Onsdag 12. aug 12:00-12:45 · Havnegaten 4 · Sognaregionen

Om arrangementet

Kva skal til for at ein region snakkar med ei felles stemme – utan at dei lokale særprega forsvinn? Sogn er i gang med eit arbeid for å samle kommunar, næringsliv, reiseliv, kultur og frivillig sektor rundt ei felles forteljing om regionen. Målet er ikkje å gjere alle like, men å finne det som bind oss saman og gjer oss sterkare når vi løftar i lag. I ei tid der regionar konkurrerer om arbeidskraft, studentar, etableringar og investeringar, blir evna til å stå fram med ein tydeleg identitet stadig viktigare. Samtidig handlar regional merkevarebygging om meir enn å vere synleg utad. Når ein region tek seg tid til å diskutere kven han er, kva verdiar han byggjer på og kva framtid han ønskjer, skaper det ofte verdiar også internt. Folk blir betre kjende med kvarandre. Nye samarbeid oppstår. Stoltheita over eigen region veks. Og kanskje blir regionen betre kjend med seg sjølv. Korleis byggjer ein ei felles forteljing i ein region med sterke lokale identitetar? Kva gevinstar kan oppstå når kommunar og verksemder ser seg sjølve som del av noko større? Og kva kan andre regionar lære av erfaringane frå Sogn?

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Arve Tokvam · Norway's best AS
  • Jeppe Aagaard Jeppesen · Sogn Næring
  • Eli-Grete Høyvik · Sogn Frukt- og Siderlaug

Temaer

Oppvekst og utdanningStedsutvikling og samferdsel

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.