Arrangement · Arendalsuka 2026
Kven tek ansvaret for den digitale beredskapen i regionane?
Torsdag 13. aug 10:00-10:45 · Havnegaten 4 · Sogn Næring
Om arrangementet
Digital tryggleik og teknologisk beredskap er ikkje lenger berre eit nasjonalt ansvar. Stadig meir kritisk infrastruktur, data og teknologi ligg i globale system samstundes som konsekvensane blir lokale.
Kva rolle bør regionane ta sjølv?
Korleis bygger vi kompetanse, teknologi og robuste miljø utanfor dei største byane?
Og korleis kan regionane bidra til å utvikle løysingar og kapasitet på vegne av heile Noreg?
Noreg treng regionar som kan utvikle, teste og drive fram nye løysingar innan digital sikkerheit, beredskap og infrastruktur.
Debatten samlar politikarar, teknologimiljø, offentlege aktørar og næringsliv til ein samtale om kva ansvar regionane bør ta framover og kva staten må legge til rette for dersom vi meiner alvor med nasjonal digital beredskap
Status hos uke33
Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.
Deltakere
- Line Bjelde · Sogn Næring
- Øyvind Midtbø Berge · HVL
- Terje Bakke Nævdal · Sognekraft
- Bjørn Laksforsmo · Statens vegvesen
- Frode Danielsen · Digdir
- Gunn Lerøy · Lærdal kommune
Temaer
Sikkerhet og beredskapTeknologi og forskning
Originalkilde
uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.