uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

På innsida av krafta - frå ord til handling

Onsdag 12. aug 09:00-10:15 · Rygerelektra · Suldal Kommune, Energihovedstaden

Om arrangementet

Korleis får Noreg meir kraft – raskare – utan å miste lokal legitimitet på vegen? Våren 2026 samla Suldal kommune kraftbransjen, industrien, forsking, kommunar, forvaltning og politikarar til konferansen «På innsida av krafta». Målet var ikkje nødvendigvis semje, men betre forståing av kva som hindrar framdrift i framtidas kraftprosjekt – og kva som må til for å lukkast. Gjennom samtalane vart eitt spørsmål ståande att som særleg viktig: Er systemet, prosessane og samfunnskontrakten som vart utvikla for dei store kraftutbyggingane på 1900-talet, framleis tilpassa den nye effektalderen? Eit av resultata frå konferansen vart Suldalerklæringa, som i juni vart overrekt energiministeren. Erklæringa samlar erfaringar og innspel frå kommunar, kraftbransje, industri, forsking og forvaltning, og peikar på åtte konkrete grep for meir tillit, betre prosessar og sterkare lokal legitimitet i framtidas vasskraftutbygging. No er spørsmålet: Kva skjer vidare? Under Arendalsuka inviterer vi til den første nasjonale oppfølginga av arbeidet. Kva av dei åtte grepa hastar mest? Kva kan gjennomførast raskt? Kva krev politiske endringar? Og korleis går vi frå analyse og gode intensjonar til handling? Noreg treng meir kraft, meir effekt og meir nett. Samtidig aukar konfliktane, naturpresset og krava til lokal forankring. Mange prosjekt stoppar ikkje fordi behovet manglar, men fordi tilliten, prosessane og fordelinga av verdiar ikkje heng med i utviklinga av energisystemet. I samtalen møter du representantar frå kraftkommunar, kraftbransjen, industrien og forskinga – aktørar som til vanleg møtest i krevjande konsesjonsprosessar, men som gjennom «På innsida av krafta» har vore med på å løfte fram fleire felles utfordringar og moglege løysingar. Vertskap er Suldal kommune i samarbeid med Energihovudstaden og sentrale samarbeidspartnarar frå kraft- og energibransjen. Arrangementet blir gjennomført om bord på Rygerelektra under praplyen "Energihovedsteden". Det serveres frokost frå kl 08.45.

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Mads Drange · Suldal Kommune
  • Kari Ekelund Thørud · Hydro Energi
  • Rosalie Poen · Lyse
  • Bård Vegar Solhjell · Fornybar Norge
  • Kåre Bjarte Bjelland · Eramet
  • Merethe Dotterud Leiren · Cicero
  • Julie Wedege · Statkraft
  • Eva Sannum · Sannum & Bergestuen

Temaer

Demokrati og rettigheterEnergi og industri

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.