uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

Store skip til små bygder – korleis kan bygdene sitje att med større inntekter?

Tirsdag 11. aug 19:00-20:00 · Havnegaten 4 · VESTLANDSFORSKING, Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv

Om arrangementet

Cruiseskip kjem til stadig fleire små bygder langs kysten. Dette er bygder som treng inntekter og arbeidsplassar, men som fyrst og fremst har storslått natur å by cruiseturistane på når dei kjem på besøk. Korleis kan det lokale næringslivet rigge seg for å tene meir på denne typen reiseliv? Kva kan kommunane gjere, og korleis bør cruiseutfluktene organiserast for at ein større del av verdiskapinga skal bli att lokalt? Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv ligg midt i hjartet av Sogn. Tålegrenseanalysen vår for regionen viser stor variasjon mellom reisemåla når det gjeld verdiskaping frå cruiseturismen. Kvifor er det slik, og kva kan gjerast for å auke dei lokale inntektene frå cruiseverksemda? Denne kvelden inviterer vi reiselivsinteresserte til ein sofasamtale om korleis cruiseturismen kan kome lokalsamfunna til gode. Kva kunnskap treng vi for å kunne ta vare på interessene til kommunen, innbyggjarane og næringslivet, samstundes som vi sikrar størst mogleg lokal verdiskaping?

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Bård Huseby · Vestlandsforsking
  • Siri Martinsen · Arbeiderpartiet
  • Ole Michael Bjørndal · NHO
  • Britt Dalland · Vestland fylkeskommune
  • Jon Olav Stedje · MSC cruises
  • Andreas Wollnick Wiese · Luster kommune

Temaer

Stedsutvikling og samferdselTeknologi og forskning

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.