Arrangement · Arendalsuka 2026
Er bitcoin vinnaren av krigen mot Iran?
Mandag 10. aug 14:00-15:00 · SpareBank 1 Sør-Norge · Bitcoinpolitisk institutt Noreg
Om arrangementet
Israel og USA sin krig mot Iran har tydeleggjort at Iran kontrollerer Hormuzsundet. Styresmaktene i Iran har "signalisert" at dei i framtida ynskjer å krevja toll frå tankskip som passerer og at toll skal kunna betalast med bitcoin - truleg også for å unngå amerikanske sanksjonar.
Alle krigar fører til utilsikta konsekvensar. I klårtekst: Er auka bruk av bitcoin som internasjonalt betalingsmiddel og oppgjersvaluta ein av desse? Kva fylgjer har det for omdømmet til bitcoin dersom det er krig og det teokratiske mindretalsstyret i Iran - av alle - som medverkar til opptur for bitcoin? Og kva for konsekvensar kan det ha for internasjonal handel i stort dersom både bitcoin og andre valutaer gradvis, så plutseleg avløyser den dominerande, hegemoniske rolla til US-dollar?
Bitcoinpolitisk institutt Noreg inviterer til ein sakleg samtale om monetære teikn i tida.
Status hos uke33
Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.
Deltakere
- Morten Søberg · Bitcoinpolitisk institutt Noreg
- Gunnar Garfors · K33
- Vetle Lunde · Fridtjof Nansens Institutt
- Iver B. Neumann
Temaer
InternasjonaltNæring og økonomi
Originalkilde
uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.