uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

E39 Sogn og Fjordane – venting er den dyraste løysinga

Onsdag 12. aug 15:30-16:15 · MS Sandnes · E39 Utvalet Sogn og Fjordane

Om arrangementet

Kvart år som går utan vedtak om oppstart av tunnelen gjennom Hafstadfjellet på E39 gjennom Sogn og Fjordane gjer at prosjektet vert dyrare. Nye krav til miljø og tryggleik kjem på toppen av prisveksten. Det som var planlagt som eit nødvendig prosjekt for ti år sidan, har nesten dobla seg i kostnad - utan at ein meter er bygd. I tillegg står fleire flaskehalsar på vent på E39, på stader det ikkje er passering for to bilar. Dette er situasjonen på hovudferdselsåra i Vestland. E39-utvalet i Sogn og Fjordane vil legg fram status, kostnadsutvikling og konkrete løysingar for korleis Hafstadfjelltunnelen kan kome i gang i denne perioden i Nasjonal Transportplan, og kor viktig det er at vi kjem i gang med andre prioriterte prosjekt på E39. Etter innleiinga møter vi politikarar og fagstyresmakter til paneldebatt om prioritering, finansiering og framdrift. Spørsmålet er enkelt: Kor mykje dyrare skal det få lov til å bli før spaden går i jorda?

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Rolf Sanne-Gundersen · E39 utvalet Sogn og Fjordane

Temaer

Næring og økonomiStedsutvikling og samferdsel

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.