uke33

Arendalsuka 2026 · opptak og program

Arrangement · Arendalsuka 2026

Bunad på Unesco, kva nå? Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?

Mandag 10. aug 14:30-15:30 · Frivillighetsteltet · Studieforbundet kultur og tradisjon, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk Folkedraktforum

Om arrangementet

Nå er det over eitt år sidan Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innskriven på UNESCO sin representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Arbeidet har berre såvidt begynt. Vi har mange ballar å halde i lufta: mangel på systover og lærlingplassar, for låg rekruttering til faget, vi må jobbe for betre utdanningsmoglegheiter, og vi må saman med fagmiljø, brukarar, og staten skape eit lag rundt fagfeltet. Alt dette er store område og langsiktig arbeid. Og midt i dette store, møter vi det som i nået er noko mindre, men likevel ikkje ubetydeleg: Korleis skal vi møte utvikling og endring innanfor bunadfaget? Korleis skal vi handtere og kome i møte motar og trendar? Der noko er som døgnfluger å rekne, og noko er kome for å bli, opp mot tradisjonar og normer? Korleis skal vi balansere det nye? I panelet: Camilla Rossing , leder for Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Siri Sveen Haaland , daglig leder i Sidserk AS, Kahtrine Gregersen, Det Norske Samlaget tidligere husflidskonsulent og ansatt i Norsk Flid Kristiansand/Mandal, Hanne Jakelln, generalsekretær i Norges museumsforbund, Lill Engeseth Andersen, lærling hjå Norsk Folkedraktforum og Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag. I eit samfunn der nye generasjonar tek bunaden i bruk, må vi sikre at kunnskap om handverk, bruk og symbolikk faktisk når fram og flyt mellom generasjonane, og vi må sørgje for å også halde tradisjonen levande og i utvikling.

Status hos uke33

Dette arrangementet er med i programoversikten, men uke33 hadde ikke et transkribert opptak for det.

Deltakere

  • Ellen Krageberg · Norges Husflidslag
  • Camilla Rossing · Norsk instituu for bunad og folkedrakt
  • Siri Sveen Haaland · Sidserk
  • Kathrine Gregersen · Det Norske Samlaget
  • Terje Lia · Norsk Folkedraktforum
  • Lill Engseth Andersen · Norges museumsforbund
  • Hanne Jakhelln

Temaer

Kultur og frivillighetNæring og økonomi

Originalkilde

uke33 har programmetadata for dette arrangementet. Eventuelle opptak ligger hos originalkilden. Arrangementet, programteksten og eventuelle opptak tilhører originalkildene.